Trio J15 heilt til topps i Bergen Fotballfestival!  Trio J15 med pokalen etter siger i Bergen Fotballfestival! Trio har eit lovande 15-års lag for jenter. I helga reiste 13 jenter og ein del føresette til Bergen for å delta i Bergen Fotballfestival i Vestlandshallen. Ei kjempehelg på alle måtar, som til slutt vart krona med flott pokal og turneringssiger i ein klasse som talde 24 lag, stort sett frå Bergensområdet.
20.01.2019 |
Innkalling til årsmøte i Trio IL Trio (hovudlaget) kallar med dette inn til årsmøte for 2018 på Triohuset torsdag 21. februar kl 18. Vanlege årsmøtesaker.
17.01.2019 |
Invitasjon: Trio Cup 2019 Trio Fotball inviterer med dette til årets cupar i innefotball i Husneshallen. Her er datoar for dei ulike alderstrinna, og påmeldingsinformasjon.
02.01.2019 |
Årsmelding frå friidrettsgruppa  11-12-årsklassane på 60 meter under Kvinnheradmeisterskapen. Friidrettsgruppa har hatt eit år med god aktivitet og gode prestasjonar. Vi er ei lita gruppe, og prøver å bygge oss gradvis opp. At vi har teke steg framover i år, vitnar ei meir enn dobling av antal nyhende frå gruppa på nettsida vår om (over 30 saker i 2018).
31.12.2018 |
Årsmelding frå Trio Husnes G12 Her er ein liten årsrapport frå Kokosmacronane, som har gjort unna sitt siste år i barnefotballen med 9arfotball på tvers av banen. Neste år tek vi steget opp i ungdomsfotballen. 9ar då også, men på langs av banen. Vi har hatt ein sesong med mykje aktivitet.
26.12.2018 |
Årsmelding Trio J14 sesongen 2018  Trio J14 etter finalesiger i Bø Sommarland Cup juni 2018 Jentene på 14-års laget til Trio har hatt ein meget bra sesong i 2018. Sosialt har vi hatt det kjekt i lag både heime på Kvednabekkjen og på tur. Sportsleg med cupsiger på sommaren og godt med poeng i 1. divisjon Rogaland både vår og haust har det vore i overkant av kva vi kunne tru på før sesongen.
09.12.2018 |
Løyperekord av Erlend!  Foto lånt av Maratonkarusellen si Facebookside. Trioguten Erlend Nymark Jensen, som no spring for BFG Bergen løpeklubb, vann i dag sesongens siste løp i Maratonkarusellen i Bergen. Med den imponerande tida 2.30.26, sette han ny løyperekord, minuttet betre enn den tre år gamle tidlegare rekorden. Med det vann han også ein premie på 10.000 kr. Løpstida tilsvarar ei km-tid på rett i overkant av 3,5 minutt i samfulle 42 km. Vi gratulerer Erlend med ein imponerande prestasjon!
01.12.2018 |
KM kamp J13 2.div. Trio-Nore Neset 2  Straffetakarane til Trio Trenarane Karen Hilda Kloster og Kjell Magnar Eide har levert eit fyldig referat frå semifinalekampen om å bli krinsmeister 2. div. Hordaland
13.11.2018 |
Tap mot forsterka Haugar lag i sesongavslutninga for J14  Tap i årets siste kamp for J14, men imponerande sesong! J14, 1. divisjon, Trio - Haugar2 0-2 (0-1).
Kampen om 4. plassen i 1. divisjon var venta å bli ein jevn affære. Jevnt blei det forsåvidt, men ein 14 år gammal storscorar frå J16 Elite vart i drøyaste laget for våre jenter å håndtera og jentene måtte til slutt sjå seg slått 0-2 mot laget i blått frå Haugesund.
31.10.2018 |
Imponerande løpsprestasjonar Det er over tid bygd opp eit flott triathlon- og løparmiljø i Trio og no seinhausten har det vore mange prestasjonar på høgt nivå. Ein ny i rekkja sterke tider leverte Holmfridur Adalsteinsdottir i dag, med 3.04 i Frankfurt Marathon!
28.10.2018 |