Regel-/dommarinfo til miniputtcup Laurdag er det miniputtcup på Kvednabekkjen. Vedlagt er info om spelereglar og kva instruksar våre ferske dommarar har fått. Og om korleis du som lagleiar eller tilskodar bør oppføre deg.
28.09.2017 |
Mykje folk på basar Søndag gjekk den årvisse Triohusbasaren av stabelen. Mykje folk var samla, faktisk over 75 frammøtte. Salget gjekk følgjeleg unna så det suste, og det skuldast nok også dei flotte gevinstborda, som var større enn nokon gong.
28.09.2017 |
Kampoppsett for miniputtcupen Laurdag er det igjen klart for fotballcup for dei yngste. Lurer du på kva tid laget ditt spelar, svaret får du her.
26.09.2017 |
Uttak kampsamling Hordaland FK, 2004-modellar Sone Sunnhordland hadde uttakssamling 9. september for 2004-modellar. Denne skulle danne grunnlag for uttak av kamptroppar for Sone Sunnhordland til Hordaland Fotballkrets si felles kampsamling for alle soner, søndag 8. oktober. Trio fekk med 5 spelarar, 3 gutar og 2 jenter.
25.09.2017 |
Tøff motstand for G16-2  Bak frå venstre Omid Karimi, Edvin Vågen Bjørgvik, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim, Simen Hellevik Lie, Alen Foric, Aref Hosseinizada, Gaute Thorkildsen. Framme Daniel Sørtveit, Mathias Gjelseng, Said Mohammadi, Mohammad Barakzai, Hekmatullah Ahmadi, Yaserullah Tarakhel, Marcus Nilsen Mathisen. Gutane deltok på Regy Cup i helga og kom litt til kort mot mange sterke lag som deltok i cupen. Det endte med 4 tap og ingen scoringar for vår del, men elles ei kjekk og sosial helg i lag med tre andre lag på Trio, som alle budde på same skule.
24.09.2017 |
Dramatisk A-sluttspel for J13 på Regy Cup enda med 3. plass  J13 med flott 3. plass i Regy Cup Småjentene og støtteapparatet fekk ein spennande, dramatisk og svært spesiell søndag i Regy Cup. Etter å ha fått medhold i protest i kvartfinalen, blei det semifinale mot Stord 2 der det blei et knepent 1-2 tap. Ein flott prestasjon av jentene med 3. plass av 12 lag i J13-klassen.
24.09.2017 |
Beintøff dommardebut Å vera fotballdommar er ingen spøk, og i allefall ikkje første gongen ein dømmer seriekamp. Men få får kjenne så pass på det som 13-årige Storm Nyrud Uppheim. Debuten hans endte med armbrot!
24.09.2017 |
A-Sluttspel i Regy Cup for J13 etter flott spel!  Jublande jenter i Haugarhallen etter at A-sluttspelet var sikra Småjentelaget (J13) er i helga på sin første overnattingscup nokon gong. Turen har gått til Haugesund og breddecupen Regy Cup. Jentene har levert varene første dag og er klar for A-sliuttspel og kvartfinale etter 2 sigrar og eit tap i puljespel og feiande flott spel i store periodar.
23.09.2017 |
Søndag kl 16: Basar på Triohuset Styret for Triohuset inviterer til den årvisse Triohusbasaren søndag (24/9) kl 16. Eit velfylt gevinstbord til både åresalg og trekning av loddbøker, og du får kaffi, saft og kaker. Alle er velkomne!
20.09.2017 |
Månedens Fair Play kamp NFF Hordaland, ved Fair play-komiteen, har gleden av å melde at månedens Fair play-kamp i september er: Torsdag 21. september kl. 19.00 J16 2.divisjon Trio 1 -Haugar 2 på Kvednabekkjen. Møt opp og støtt jentene. Det blir salg av kaffi og kaker.
20.09.2017 |