Hyllest til pensjonerte midtstopparar  Ronny Hamre. Foto: Helge Sunde. Også midtstopparduoen Ronny Hamre og Henrik Røssland har lagt skorne på hylla og får ein velfortent blomekvast under A-lagskampen i morgon. Ronny gav seg i vinter, medan Henrik var med noko av vårsesongen før han pensjonerte seg.
21.10.2016 |
Hyllest til Roger Røssland  Legenden Roger Røssland. Foto: Helge Sunde. Over 420 kampar er spelt. Utallige fotballsko er nedslitt. X antall kilometer i minibuss er tilbakelagt. Over 1000 historiar frå nært og fjernt har blitt fortalt (dei fleste med 18-års aldersgrense). Han har sett lagkameratar kome og gått. Han har blitt verande. Men no er det slutt. Ein legende legger opp. Roger Røssland.
21.10.2016 |
Dårleg førebuing  Flott scoring av Mathias. G16: Trio4-Odda 1-8. Vi får ein dårleg inngang til kampen (det Høgmo meiner er så viktig) når tre mann kjem utan drakta si og to dukkar opp ein halvtime for seint. Det resulterte i dårleg førebuing, endringar i startoppstilling og at vi raskt kom bakpå i målprotokollen. Vi hevar oss etter kvart og viser i periodar at vi kan yppe oss, sjølv mot sterke lag som Odda, som har sine beste spelarar her i 3.divisjon no i haust.
21.10.2016 |
Kanon sesongavslutning av G14/15  Avslutta sesongen med strålande kamp og 6-0 mot Avaldsnes G15: Trio - Avaldsnes 6-0. Premissane for Trio sin siste kamp i G15 var veldig klare. Vant serieleiar Avaldsnes på Husnes ville dei stikka av med puljesigeren føre Åkra. Trio på si side ville sikre 3. plassen i pulja med siger, samtidig som ein ville sikre siger i ein meir uformell haust tabell. Gutane varte opp med kalasfotball og sendte karmøyværingane heim med 0-6 i bagasjen, etter 3 baklengs i kvar omgang, dei fleste av dei av den fine sorten.
18.10.2016 |
Trio/Halsnøy G16 Etter å ha spelt 3 skuffande kampar, så viste Trio/Halsnøy G16 igjen kva som bur i laget, når dei møtte sterke Fyllingsdalen på Varden Amfi fredag. 2-2 skal Fyllingsdalen vera mest letta over.
18.10.2016 |
Uttak til sonetreningar 2016 Trio kan sende inntil 5 gutter og 5 jenter til sonetreninger for jenter og gutar fødd i 2004 med Hordaland Fotballkrets i haust. Vi har 2 gutelag i denne årsklassen. 1 på Husnes og 1 på Sunde/Valen. Sidan trenarane på dei respektive lagene meinte det var fleire som var aktuelle for dette, valgte vi å avvikle ei uttakstrening for alle på Kvednabekkjen på søndag, leia av Eivind Nissestad.
17.10.2016 |
Vi inviterer til Triofest Fotballgruppa har lyst å gjera stas på alle som har bidrege i løpet av årets sesong. Og inviterer difor til Triofest i Triohuset laurdag 5. november. Invitasjon kjem med meir informasjon kjem seinare.
17.10.2016 |
Invitasjon: Varden opp på Sandvoll Varden opp (525 moh) på Sandvoll laurdag 22.10.2016. Det blir start på Skarveland skule på Sandvoll kl 10.00-12.00 for familie og trimklassen. Klokka 12.00 for aktive på tid, damer og menn.
17.10.2016 |
Miniputtcup i Rosendal 23.10.2016 På søndag går årets siste turnering for miniputtane av stabelen i Rosendal. Vedlagt kampoppsett.
17.10.2016 |
Mindre aktivitet på nettsida Det er gjerne nokon som har merka seg at det har vore mindre aktivitet og stoff på nettsida i haust enn før. Det skuldast i hovudsak at underteikna i eitt års tid har bede om avløysing som nettsideansvarleg. Styret har enno ikkje fått på plass nokon til å ta ansvar som administrator av nettsida, og underteikna har i haust trappa ein del ned.
14.10.2016 |