Trio volleyball på Facebook Me er kome på Facebook med ei eiga offentleg side for alle som er interessert i volleyball.
14.10.2015 |
Kampoppsett miniputtcup 18.okt Søndag er det årets sist turnering for miniputtane, denne gongen på Kvednabekkjen. 34 lag er påmeldt. Vedlagt er kampoppsett.
14.10.2015 |
Årsbeste i siste kamp  Gøy på McDonalds etter kampen. J12: Bremnes-Trio 4-0. 12-års jentene til Trio avslutta tirsdag seriespelet i sin første sesong i lag. Bremnes vart for sterke og vann til slutt 4-0, men det ga ikkje eit rett kampbilde, det var mykje jevnare enn som som så.
13.10.2015 |
Fartsfylt på Halsnøy  På høg tid med sigersjubel for G14. G14: Halsnøy-Trio1 4-6. Smågutane tok ein solid siger på Olympiastadion på Halsnøy. Det vart ein fartsfylt 7arkamp, då heimelaget er for få til å stille 11ar i haust. Mange sjansar begge vegar, og klart flest til oss. Kjekt at vi etter kvart fekk utteljing også.
13.10.2015 |
God prestasjon i lokalderby  Benjamin er særs lik på ein av Askeladdens gode hjelparar :) G14: Trio2-Rosendal/Uskedal 2-2. Smågutane er vane med å få ein leksjon når vi møter velspelande rosendelingar, men vi tek sakte men sikkert innpå og når vi klarer å prestere så godt som lag som vi gjorde i dag, så var det kjekt for gutane (og sikkert foreldra) at vi også klarte å utlikne på tampen. Resultatet er det ikkje nøye med, men prestasjonen skal vi vera nøgde med i dag.
12.10.2015 |
Haugevis med heimekampar Endeleg er haustferien over og det er mykje god fotball å få med seg framover. Her er ei oversikt over heimekampane denne veka.
12.10.2015 |
Kretssamling for 13-åringar Hordaland Fotballkrets har kalla inn til sonesamling for 13-åringar på Nymark laurdag 17.oktober. Frå Trio er Daniel Normann og Torstein Olderkjær kome med. Vi gratulerer med uttaket.
12.10.2015 |
A-laget: Trio - Nordre Fjell 2-1  Gammalt og ungt. Øystein og Simen. 25 år skiller desse to spelerane Årets siste heimekamp blei ein nervepirrande affære då Trio tok 3 viktige poeng mot Nordre Fjell på laurdag. Trio sine mål blei satt inn av Andreas Charter Røyrvik og Ronny Hamre.
11.10.2015 |
Invitasjon miniputturnering IL Trio Fotball inviterer med dette til den årlege miniputturneringa på Kvednabekkjen. Turneringa går av stabelen søndag 18.oktober.
07.10.2015 |
Poengdeling mot Flaktveit  Gode løp og to mål av Niko. G16: Flaktveit1-Trio/Halsnøy1 2-2. Laurdagens kamp mot Flaktveit blei ein veldig nervepirrande kamp. Dessverre klarte heimelaget å utlikna 3 minutt før slutt.
06.10.2015 |