A-laget: Trio - Fitjar 0-1 Det blei ein tung dag i motvinden på Husnes Stadion fredag kveld. Fitjar var eit lag me skulle slå dersom me skulle komma oss vekk i frå bunnstriden. Fitjar var totalt sett det beste laget og vant fortjent 1-0 etter eit billig frisparkmål i mot.
22.08.2015 |
A laget: Trio - Fitjar kl 19.00  Thorkildsen dominerte i borteoppgjeret mot Fitjar. Trio tar i mot Fitjar til kamp på Husnes Stadion i kveld kl 19.00. Trio vant 2-1 borte i vår etter to seine scoringar av Thorkildsen og Allkan. I kveld er det også Husnes Cup så ein kan forventa eit folkehav i idrettsparken. Vèl møtt!
21.08.2015 |
Knepent tap i god kamp J11: Rosendal-Trio 2-1. Trio sine J11 jenter starta opp haustsesongen i Rosendal onsdag. Vi fekk ikkje avholdt trening før kampen etter ferien då den blei flytta fram til treningsdagen vår. 9 jenter klarte seg likevel veldig bra og klarte oppgavene sine med bravur, sjølv om det til slutt blei eit noko ufortent 1-2 tap.
19.08.2015 |
Jamnt i internduell J13: Trio1 - Trio2 3-5. Første kamp i haustsesongen var eit internoppgjer. Me brukte kampen te å kjenna på formen etter ein lang ferie.
18.08.2015 |
Tap for juniorlaget G19: Bergen Nord-Trio/Rosendal/Halsnøy 7-2. Seriestart og bortekamp mot toerlaget fra vårsesongen. Vi regnet med at det skulle bli ett tøft oppgjør mot ett fysisk lag fra Salhus.
18.08.2015 |
Revidert kampoppsett Husnes Cup 2015 Det er få dagar til Husnes Cup brakar laus i Husnes Idrettspark. Vedlagt er revidert kampoppsett, samt cupprogrammet. 150 kampar for 60 lag skal avviklast i løpet av helga 21.-23.august.
18.08.2015 |
A-laget: Gneist - Trio 3-0 Trio reiste til byen på lørdag for å møta serieledar Gneist. Etter å gjennomført ein meget god første omgang, rakna Trio i andre omgang. Gneist kunne derfor jubla fortjent for 3 poeng då dommaren bles av kampen. Referatet er tatt ut i fra live-updaten (med nokre justeringar) til Raymond Pedersen som var på stadion.
16.08.2015 |
OnsdagsGjengen byter dag og fjelgar til Husnes Cup  Øyvind Skogseth, Henning Haga og Otto Kolaas er klare til fjelging rundt Triohuset. OnsdagsGjengen har to store oppgåver i neste veke: 1) Byta dag frå onsdag til tysdag. 2) Fjelga ferdig rundt Triohuset og anlegget elles til Husnes Cup neste helg. Me skal klara begge deler. Men, me tek sikte på ein siste finpuss og fellesdugnad tysdag kveld kl 17-20 i tillegg til føremiddagsøkta kl 10. Då er alle frivillege velkomne å hjelpa til.
14.08.2015 |
Seriestart og klare for cup G14: Trio2-Trio1 5-3. Smågutane sparka i gong haustsesongen med første seriekamp mot oss sjølv. Med ei budda 13-åringar i tillegg til 14-åringane var 25 gutar samla til kamp, som også vart oppladning til helgas deltaking på Ål Cup. Der tek G14 offisielt i bruk 50 %-regelen, som første lag i Trio :)
13.08.2015 |
Oppsummering av Norway Cup for J16  20 par fotballsokkar til spesialreingjering. Laurdag morgon (25/7), kl 0700, rulla ein svær og flott Tide buss av gårde frå Husnes med retning Oslo og Norway Cup. I tillegg til laget vårt, var G16 og Halsnøy J15 om bord. Ein kjekk og flink bussjåfør førte oss non-stop til Seljord, der vi hadde ein time pause. Kl 16.00 ankom bussen Hallagerbakken skole, der alle 3 laga skulle bu under cupen.
01.08.2015 |