Trio - Bergen Nord 1-1 Trio møtte Bergen Nord i strålande ver og eit stort publikum (Omtrent 150!) i ryggen. Les korleis kampen arta seg og kven Aleksander meinte stod mest fram for Trio.
16.04.2018 |
Endelig seriestart for J14!  J14 gler seg til seriestart mot Kopervik på Kvednabekkjen mandag Jentene på 14-års laget til Trio har gledd seg ei stund til seriestart. Mandag kl 18.30 er ventetida over, då står Kopervik på andre banehalvdel på Kvednabekkjen og seriespelet 2018 tar til.
14.04.2018 |
Utstyrsavtalen er på plass Idrettsalget Trio har inngått ein 5 års-avtale med Macron og Sport 1 Husnes. Macron er leverandør av kler og utstyr, som ein kan få kjøpt hjå Sport1 Husnes. Trio ser fram til eit godt samarbeid med begge leverandørane framover.
Hjå Sport 1 Husnes er no Trio sin klekolleksjon kome i butikken. Så løp og kjøp!
13.04.2018 |
Tjåka fullt Torsdag arrangerte vi klubbdommarkurs på Triohuset, og det med ein formidabel deltakarrekord. Kurshaldar Oddvar Eikenes kunne notere heile 44 frammøtte dommarspirer!
12.04.2018 |
Madsakre! Treningskamp: G16-G17 6-1. Ei overskrift VG verdig... 17-åringane fekk så hatten passa av G16 torsdag kveld, 6-1 var stygge sifre. Mest av alt skuldast det Mads, som sto for heile 5 av måla.
12.04.2018 |
Knallkjekk turnering for 12-årsgutane Søndag hadde vi ei 4-lagsturnering i G12 på Kvednabekkjen. I tillegg til Trio sine to G12-lag, stilte Trio G11 og Skånevik G12. Det viste seg å vera jamnbyrdige motstandarar og vart ein veldig triveleg søndag, sjølv om vergudane plagde oss med ein god del yr.
08.04.2018 |
Kjekk og sosial jenteturnering på Kvednabekkjen  God dag på jobben for J14 Det begynte i surt vær på formiddagen og avslutta i ettermiddag i strålande vår-vær. Rosendal J14, Trio J16 og Trio J14 hadde ein flott dag i lag på vårt flotte anlegg og klubbhus.
07.04.2018 |
Jenteturnering på Kvednabekkjen laurdag  Mange av desse skal i aksjon på laurdag Førstkommande laurdag blir det ei 3-lags turnering for jenter på Kvednabekkjen. Rosendal sitt 14-års lag kjem på besøk og skal bryna seg på Trio sine 2 lag i 14- og 16-års klassen. Turneringa har blitt til som eit alternativ til deltaking på Zinken Cup i Odda for dei to 14-års laga, då det var for få lag påmeldt der til at det blei spel.
04.04.2018 |
4-lagsturnering for gutar 12 år Søndag arrangerer vi ei lita 4-lagsturnering i 9arfotball for G12 på Kvednabekkjen. Deltakande lag: Trio Valen G12, Trio Husnes G12, Skånevik G12 og Trio G11. Det blir 3 kampar a 2x20 minutt på kvart lag. Her er plan for dagen.
04.04.2018 |
Klubbdommarkurs på Triohuset 12.april Torsdag i neste veke (12.april) kl 17 arrangerer vi klubbdommarkurs på Triohuset. Det varar i mellom 1 og 1,5 time og gjer deg i stand til å dømme 5ar og 7arfotball i barnefotballen. Alle fødd 2005 eller eldre er velkomne, og vi oppmodar alle spelarane våre i 13-14-årsklassane til å delta, uansett om dei vil dømme eller ikkje. Kurshaldar er Oddvar Eikenes.
04.04.2018 |