Aaarrrgh! G19: Trio2-Sveio 2-3. Surt tap for 17-årslaget i ein kamp der den sterke vinden gjorde speleforholda veldig vanskeleg. Det var i grunn uunngåeleg at laga fekk kvar sin omgang, men totalt sett synest vi at vi hadde fortent minst eit poeng. For i første omgang var vi gode!
02.05.2018 |
Resultater Triostafetten 2018 Her er resultater frå dagens Triostafett. Heile 47 lag deltok, nær 200 deltakarar. Det var heile 17 lag i rekruttklassen (6-9 år), noko som gjorde at dei måtte avvikle sine 4x100m i tre heat. Så gjorde dei ulike eldre klassane opp. I herreklassen var det 5 deltakande lag, og Rosendal 1 gjekk til topps, 25 sekund føre Trio.
01.05.2018 |
Invitasjon: Kvinnheradmeisterskap i terrengløp Torsdag 10.mai (Kr. himmelfartsdag) frå kl 18.00 arrangerer Trio friidrett Kvinnheradsmeisterskap i terrengløp. Løpet på Husnes foregår i Trioløypa i Husnes idrettspark. Her er link til påmelding.
01.05.2018 |
Triostafetten: Tidsplan og informasjon Tysdag (1.mai) kl 16 brakar Triostafetten laus. Påmeldinga ser veldig bra ut, vi har 45 deltakande lag, så stafetten er nesten like stor som i fjor. Her er viktig og nyttig informasjon, samt tidsplan for arrangementet.
30.04.2018 |
Stor friidretts-aktivitet Friidrettssesongen er godt i gong i kommunen og no kjem arrangementa på løpande band. Det startar med Baroniløpet på søndag og på tysdag (1.mai) er det Triostafetten. Her er ei oversikt.
27.04.2018 |
Første lag ut  Med nye Macron-drakter måtte det lagbilete til. Ein klin kokos gjeng, då blir tilnamnet lett til 'Kokosmacronane'. Bak frå venstre Abdisalam, Gunnar, Mohammed, Edvard, André, Martin og Mikal. Framme frå venstre Vegar, Noah, Mikael, Håkon Georg, William, Elias, Jonas og Brage. I dag tok Trio G12 Husnes i mot Odda til dyst på Kvednabekkjen i flunkande nye drakter. Macron er Trio sin nye utstyrsleverandør og heile barneavdelinga får no Macron-sett, med barnefotball-sponsor SKL sin flotte logo på brystet. Sesongen er offisielt i gang!
26.04.2018 |
Tap på Bømlo for J14  Det vart tap mot Bremnes for Trio jentene trass god kamp J14, 1. Div Rogaland (Nord): Bremnes - Trio 7-2 (2-1).
Trio sine 14-års jenter var onsdag kveld på Bømlo for kamp mot Bremnes 1. I ein kamp der jentene var fullt på høgde i knappe 55 minutt, vippa deretter noken avgjerande situasjonar Bremnes sin veg. Dette avgjorde kampen og med noken baklengs til siste minutta, enda det til slutt med 2-7 tap. Likevel ein god prestasjon veldig lenge.
25.04.2018 |
Invitasjon: Triostafetten 2018 Tysdag 1.mai arrangerer Trio den årvisse Triostafetten i Husnes idrettspark. Vi oppmodar flest mogleg om å hive seg med og delta. Vi har klassar for både barn, ungdom og vaksne, og eigen mix-klasse for dei som er med mest for moro.
24.04.2018 |
Grei start G19: Trio2-Ølen2 2-5. Stor spaning for 17-årslaget føre debuten på juniornivå. Vi har slite med fysikken i treningskampane og var spente på seriestarten. Og noko skeptiske, då det viste seg at Ølen stilte sterkt med heile 7 spelarar frå då førstelaget deira banka Haugar 6-0 i NM-kamp i forrige veke. Det endte med tap, men totalt sett skal vi vera godt nøgde med prestasjonen.
18.04.2018 |
Imponerande debut i 1. divisjon av J14  J14 jentene kunne ikkje jubla for siger, men var likevel strålande nøgde med egen prestasjon J14, 1. div Rogaland (Nord): Trio - Kopervik 0-1 (0-0).
Det var spente jenter og trenarar som mandag kveld tok i mot Kopervik til første kamp i 1. divisjon. Målet (og håpet) var å få ein bekreftelse på at vi har meldt på i rett divisjon og held nivået. Sjølv om Kopervik var eit svært godt lag og vant fortent, fekk vi vist oss fram såpass at vi må kunna slå fast at vi kan spela på dette nivået med realistisk tru på å kunna ta poeng framover.
16.04.2018 |