Årsbeste i førsteomgang G19: Trio 2-Solid 3-5. Førsteårsjuniorane gjorde ein strålande omgang mot det som truleg er seriens beste lag. Solid slit med tynn stall, men spelarane dei har held bra nivå. Brorparten av dei trenar med A-laget deira og dei såg rimeleg robuste ut i oppvarminga. Men våre gutar har teke overgangen til junior imponerande bra. I første omgang var vi solide bak og varta opp med mykje friskt angrepsspel. Så vart det tyngre etter pause, med to av dei mest sentrale ute.
23.05.2018 |
Vårlotteriet med rekordoverskot ILTrio Fotball sitt vårlotteri sette også i år ny rekord i antal solgte lodd, og inntektene passerte 106.000.- Dei siste 3 åra har inntektene frå vår lotteriet auka med over 25%.
23.05.2018 |
Rema 1000 Husnes Cup fullbooka Helga 17.-19.august arrangerer Trio den årvisse Rema 1000 Husnes Cup for 10-12-åringar. Cupen er no fullbooka når det gjeld tilreisande lag som treng overnatting. For lag som ikkje skal ha overnatting på skule, er det framleis nokre ledige plassar. Men ein må vera raskt ute med påmelding.
15.05.2018 |
Tap i Haugesund trass god prestasjon av J14  Smilande jenter på J14 trass tap i Haugesund mandag kveld J14, 1. div Rogaland (Nord): Haugar 2 - Trio 4-1 (1-0).
Haugar har ein fantastisk 2004-generasjon for jenter. 2 jevngode lag, Haugar 1 og Haugar 2, delt geografisk i byen. Haugar 1 ligg øverst av dei på tabellen så langt, men har tapt 0-3 for Haugar 2. Så det var eit sterkt lag vi skulle opp mot denne varme mandag kvelden på Sakkestad Kunstgrasbane. Til slutt vart dei for sterke for oss og vinn fortent 4-1. Det var imidlertid noko jevnare enn resultatet tilseier og effektiviteten føre mål avgjorde kampen til heimelaget sin fordel.
14.05.2018 |
Deltaking på Karabinlekene Endelig er sesongen for friidrett igang med åpningsstevne på Fana Stadion i helga. Ådne har påmeldt et bredt øvelsesutvalg, men det ble litt amputert fredag og lørdag grunnet en liten strekk. Likefullt ble det gode prestasjoner.
14.05.2018 |
Spanande lokaloppgjer G12: Trio Husnes-Trio Valen 5-4. Det vart eit spanande og tett oppgjer i finveret på Kvednabekkjen søndag ettermiddag. Laga følgdes åt frå start til mål.
13.05.2018 |
Resultater frå Kvinnheradsmeisterskapen 2018  Deltakarane i klassane 12-14 år. Frå venstre Siri Aasgard, Julie Soma Ersland, Markus Øye Guddal, Gunnar Eikemo Steine, Andreas Eikemo Ersland og Ingeborg Eikemo Ersland. Her er resultater frå Kvinnheradmeisterskapen i terrengløp, som vart arrangert i Husnes idrettspark i ausande regnver torsdag. Veret var nok delaktig i at det kun var 51 deltakarar.
11.05.2018 |
Tap i sjansefattig kamp G19: Haugar2-Trio2 3-1. Gutane på 17-årslaget tok turen til Haugesund for sein kveldskamp i fagert sommarver på 'Gym7'. Kampen vart tett og sjansefattig, og truleg høveleg keisam for den nøytrale tilskodar. Ikkje det at det fantest så mange av desse. Det er godt å sjå at vi klarar å henge med fysisk på jrnivå, men spelemessig var dette langt under par for vår del.
10.05.2018 |
Fortent første siger for J14 på middels dag  J14 kunne jubla for sin første siger i 1. divisjon i kveld J14, 1. div Rogaland (Nord): Trio - Falkeid 3-1 (1-0).
Trio jentene tok mandag kveld i mot Falkeid i flott vår-vær på Kvednabekkjen. Begge lag sto utan poeng før kampen. På ein ikkje heilt topp dag for Trio var det likevel nok til å sikra ein fortent 3-1 siger og dei første poenga i 1. divisjon var dermed i boks.
07.05.2018 |
Trekning Fotball-lotteriet 2018 Vedlagt er trekningslista frå Trio-lotteriet til fotballgruppa. Vinnarane blir kontakta.
05.05.2018 |