Framsida
Hovudsida
Nyhende
Idrettslaget
Bli medlem
TINE Fotballskule
Fotball
Trio Cup 2019
Rema 1000 Husnes Cup
Friidrett
Svømming
Turn
Volleyball
Triohuset
Nyttige sider
Finne fram?
Kontakt oss
Sidekart
Søk

 

Nyhendearkiv

G-13 Gneist 3 - Trio 1-6
Første 3 poengaren i 1.div.
Ny bortekamp i Bergen på ein søndag, Spørsmålet var om gutane var skikkeleg tent og om me kunne klare å levere ein god forestilling i 1.divisjon?

18.09.2016
Endeleg siger for G13
Foto: Johnny Andre Sele.
Trio G13-1 med etterlengta seier i dag, den første i 1.divisjon i hausat. 6-1 mot Gneist var så pass imponerande at sjølvaste Lothepus ba om å få vera med på lagbilde. Vi satsar på at trenar Eivind Nissestad kjem med referat etter kvart.
18.09.2016
Trio A-lag: Os2 - Trio 1-2
2 sigrar på rad! (foto:Rune Grønstøl)
Halvard Enes er tilbake i Triodrakta og fekk æren av å bli med til sin gamle heimebane på Os på laurdag. Han har hatt mange gode opplevingar i Os-drakta på Kuventræ og i dag fekk han jaggu ei god oppleving i Triodrakta på Kuventræ!
18.09.2016
Mangla uttelling
G16: Trio/Halsnøy2-Stord2 0-6. Resultatet fortel ikkje så mykje om kampen, som var heilt jamnspelt til dei siste 20 minutta. Då hadde heimelaget brent 4 store sjansar til å utlikne, medan bortelaget i staden for dobla leiinga. Med det gjekk lufta ut av Trio/Halsnøy.
18.09.2016
Luguber kamp i Rosendal
G16: Rosendal-Trio4  7-1. 15-åringane viste altfor liten vilje til å by sterke Rosendal kamp torsdag kveld. Vi bør vera kapable til å spele jamnt med slike lag, men då må det ei heilt anna innstilling til. Det hjelper lite at vi spelar uavgjort i ein heiderleg andreomgang når kampen er ettertrykkjeleg avgjort før pause.
15.09.2016
2 tap for Trio/Halsnøy G-16 1
Fortjent 1-5 tap mot Brann laurdag og eit forferdelig surt 2-3 tap mot Os onsdag. Uansett god matching for gutane på Trio/Halsnøy G16-1.
15.09.2016
Kjempekamp av G15 i Haugesund!
Storseier i Haugesund etter kanonkamp
G15: Nord - Trio 1-7
Trio sitt lag i G15 Rogaland tok også denne vekaturen til Haugesund i Trio bussen. Med kyndig sjåfør i Svein Jarle Mo var det god stemning i bussen og vi var igjen 15 spelarar klare for å bidra. 9 stk 14-åringar, 1 stk 12-åring og 5 stk 15-åringar. Emil spelte G12, Marcus sjuk og Tor Øyvind skada. Kampen vart spelt i varmt September-vær, men varmen plaga ikkje våre gutar i det heile. Dei spelte ein utrulig god fotballkamp og vann heile 7-1 mot formlaget frå Norheim.
13.09.2016
A-laget: Trio - Telavåg 3-2
Matchvinnar med 2 mål. (foto:Rune Grønstøl)
Det vart ein thriller av ein fotballkamp då Telavåg kom på Husnes-besøk laurdag ettermiddag. Avgjersla kom ikkje før i det 88.min og det var Trio som kunne jubla for 3 poeng.
12.09.2016
Gjekk tom for krefter
Det har vore tett kampprogram for 15-åringane den siste tida, og då spelarane også hadde sprunge SØRAL-løpet tidlegare på dagen, vart oppgjeret mot Solid i tøffaste laget. Solid er eitt av dei sterkaste laga i serien og vi hang med ein omgang, før kreftene tok slutt.
09.09.2016
G16: Trio/Halsnøy - Brann
Bjarte lovar 2 gode omgangar denne laurdagen.
På laurdag kjem det storfint besøk til Kvednabekkjen. Gutelaget til Brann tek då turen til Husnes for å bryna seg på Verner og Bjarte sine disiplar. Møt opp kl 13.00 på Kvednabekkjen og hei fram gutane til siger.
07.09.2016
  Forrige
Neste  
Siste nyhende
Slett ikkje gale
Les meir [03.10.2019]
G13 på Regy Cup
Les meir [28.09.2019]
Grei siger i jamnspelt kamp
Les meir [26.09.2019]
Friidrett: Gode prestasjonar på seriestemne
Les meir [25.09.2019]
Dette var for slapt
Les meir [24.09.2019]
Storsiger i hausten's første heimekamp for J15
Les meir [24.09.2019]
Miniputtcup 29.september
Les meir [22.09.2019]
Solid siger for damene
Les meir [22.09.2019]
Nyhendearkiv
Lenkjer
Dynamiske sider utvikla av iDrift AS
Sidekart