Endeleg sesongstart Trio G14 får æra av å vera første lag ut i seriespelet i årets sesong, melder terminlista. Onsdag kveld går fløytesignalet på Fitjar, der heimelaget og våre 14-åringar skal debutere på full bane. Etter eit når med nyvinninga 9arfotball i fjor, er det no 11ar som gjeld.
05.04.2016 |
Miniputtfotball i Kvinnherad 2016 Referat frå planleggingsmøte mellom klubbane.
05.04.2016 |
Klubbdommarkurs torsdag 7/4 Oddvar Eikenes arrangerer klubbdommarkurs på Triohuset førstkomande torsdag (7/4) kl 19.15. Dette er nybyrjarkurs som gjer at ein kan dømme 5ar og 7ar i barnefotballen. Deltakarane må fylle 13 år i år, eller eldre, og vi oppmodar flest mogleg av spelarane våre i 2001-2003 om å ta kurset. Kurset tek litt over ein time.
04.04.2016 |
Sonesamling på Kvednabekkjen  Søndag var det Sunnhordland sine mest talentfulle fotballspelarar frå 2003-årgangen i aksjon på Kvednabekkjen. Søndag føremiddag var Sunnhordland sine mest lovande 2003-modellar samla til trening på Husnes.
03.04.2016 |
Fin utvikling Treningskamp Trio J14 mot Halsnøy i Valeparken. Litt liten bane for dei store jentene våre, men kjekt å kome i gong med sesongen. Me valgte 9arkamp, og Halsnøy var knallgode motstandarar i fjor. Siste kamp tapa vi nesten tosifra. Skrekk og gru... Mykje betre no, avstanden vart redusert til skarve to mål.
02.04.2016 |
Solid generalprøve  Strålande kamp av banens gigant: Espen. G16: Rosendal-Trio3 1-0. Ein solid innsats mot sterke Rosendal, som vi tapte stort for tidlegare i vinter. Vi skal vera godt nøgde med prestasjonen defensivt og heimelaget kom heller ikkje til så mange store sjansar. Offensivt skapte vi ikkje veldig mange store sjansar, med mykje gode tendensar i samspelet, som er blitt betre gjennom vinteren.
01.04.2016 |
Miniputtcup i Husneshallen 03.april 2016 På søndag er det duka for årets første cup for miniputtane. 31 lag er påmeldt til dyst i Husneshallen, 11 av dei frå Trio. Vedlagt er kampoppsett. * Onsdag kl 17: Revidert oppsett er lagt ut. Her er også Halsnøy G2007 kome med. * Torsdag kl 11: Ny revisjon, kun ei mindre justering.
29.03.2016 |
Revansje for G14  Espen var bestemann på G15. Treningskamp: Trio G15-Trio G14 2-5. Vi er vane med å få køyrd oss mot det sterke 14-årslaget, men slo dei i sist møte for nokre veker sidan. Denne gongen fekk dei revansje etter ein heller tam prestasjon av oss. I serien i år skal desse to laga elles samarbeide om å bemanne laget som er påmeldt i G15-klassen i Rogaland.
28.03.2016 |
Historikk: Barnekretsturnstevnet i 1981  Barnekretsturnstevne i Husnes Idrettspark for 35 år sidan. Den 24.mai 1981 vil bli husket som en stor dag for IL Trio. Da arrangerte laget sitt hittil største stevne, det 12. barnekretsturnstevne for Bergen-Hordaland Turnkrets. 2290 deltakere fordelt på 56 lag var med og gjorde denne solfylte dagen til en opplevelse for både laget og bygda Husnes.
28.03.2016 |
Onsdags-Gjengen Rutinen i idrettslaget har byta samlingsdag frå onsdagar til tysdagar, men går framleis under namnet 'Onsdags-Gjengen'. Kvar tysdag frå kl 10 samlast ein flott gjeng pensjonistar på Triohuset til kaffi, drøs og dugnadsarbeid.
27.03.2016 |