Bånn gass frå start!  Trio-legenden Tjerand Lunde omkransa av laga etter kampen. Barnebarnet hans spelar på Nord. Sitat Tore Olderkjær: -Samhold, glede, og god sportsånd. Dette er idrett etter Tjerand Lunde sitt hjerte! Eit magisk øyeblikk på Kvednabekkjen i dag! Foto: Sara Hjelmeland Arnesen. G13: Trio-Nord 1 7-1. Ikveld tok Trio G13 i mot Nord 1 til kamp på Kvednabekkjen. Nord 1 har hattnokre gode resultat så langt i serien, og vi såg fram mot ein tøff kamp.
14.05.2015 |
Tøff kamp mot topplaget G14: Trio1-Odda 3-11. Som venta vart det i tøffaste laget mot serieleiaren, som er gode, raske og fysisk sterke. Trass mange baklengs, er det likevel råd å finne mykje positivt.
12.05.2015 |
Invitasjon til Triostafetten IL Trio inviterer til Triostafetten torsdag 14. mai i Aktivitetsparken Lunden / Husnes Stadion. Oppmøte ved Triohuset. Stafetten startar kl. 1800. Påmelding inntil kl. 1730.
12.05.2015 |
Skulle hatt poeng G16: Trio/Halsnøy3-Njardar/Tysnes 1-2. Gutane var sett opp med ein sjeldan heimekamp på Husnes stadion, ikkje ofte ein slepp til på gras. Diverre vart forholda særs vanskelege grunna ausande regn, men heimelaget kjempa knallhardt og hadde fortent poeng. Her er nokre ord om kampen frå kampleiar Bjarte Solheim.
12.05.2015 |
Grei siger mot Fitjar  Grei siger for smågutane. Som ein ser var biletet ikkje teke i kveld... G14: Trio 2-Fitjar 3-0. Smågutane tok ein grei siger utan å ta fram det heilt store spelet i regnskyllet på Kvednabekkjen måndag kveld. I ein jamnspelt kamp var det vi som hadde mest å fare med i den siste tredjedelen av banen.
11.05.2015 |
Surt tap på tampen G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Smørås1 1-2. Juniorane hadde god kontroll på Smørås til 87 spelte minutt, men på tampen kom to kjappe baklengs som gjorde at stormunna bergensarar kunne juble for å få med alle poenga heimatt.
09.05.2015 |
To kampar laurdag G16-1 spelar heimekamp på Halsnøy kunstgras laurdag kl 13. G19 spelar heimekamp mot Smørås på Husnes stadion laurdag kl 15. Fullt mogleg å få med seg begge deler :)
08.05.2015 |
Trio J11 fortsetter storspelet!  Jentene og trenar Bjørn jublar for flott kamp mot Ternen. J11: Ternen-Trio. 1-4. I sesongens andre kamp møtte Trio J11 Ternen i lokaloppgjer i Valeparken. Veret var passelig surt, men humøret var heldigvis på topp blant spelarar og tilskodarar. Foreldre, besteforeldre, tanter og onklar var samla for å sjå sine håpefulle.
08.05.2015 |
Invitasjon til Brannkamp Ei helsing frå vår sponsor Sparebanken Vest: Sjå vedlagt invitasjon som til dømes kan sendast ut til medlemmene dykkar. Me har ein del kampbillettar som me deler ut til dei som har lyst til å gå på Brannkamp i Bergen.
08.05.2015 |
Nullen sprakk på heilsvart dag  Best på ein dårleg dag: Lisbeth. J16: Trio-Bremnes 0-1. Jentelaget var torsdag kveld i aksjon mot Bremnes, samtidig som A-laget til Trio kjempa mot samme klubb på naturgraset. Det gjekk bedre for A-laget enn for jentene, som hadde ein kollektivt svart dag på banen og lot Bremnes reisa frå Husnes med 1-0 seier og 3 poeng.
07.05.2015 |