Storseier til jentelaget mot Etne  Spente 13-årsjenter, Sofie og Christine. J16: Trio-Etne 10-0. Eit skade- og sjukdomsplaga jentelag tok torsdag kveld imot eit nytt bekjentskap for jentene, nemlig Etne. Sjølv med 2 ute med skadar og 2 med sjukdom, var det klasseforskjell på laga og etter ein middels første omgong med leiing 3-0, enda det til slutt på tosifra og 10-0.
16.04.2015 |
Serieopning for G13 i 1.divisjon  Tomålsscorar Ole-Tobias. G13: Trio-Bremnes1 3-5. I kveld var det klart for fyrste seriekamp for Trio G13 i 1.divisjon. Motstandar på Kvednabekkjen i kveld var Bremnes, som etter rykta stort sett hadde gjort reint bort i treningskampene sine i vår.
16.04.2015 |
Ekstraordinært årsmøte onsdag 29. april Innkalling til ekstraordinært årsmøte.
15.04.2015 |
NHH - Trio 4-3  Allkan har lova å scora over 30 mål i år og er absolutt i ruta. Tirsdag reiste A-laget til Trio til Åstveit for å møta NHH til årets første seriekamp. Trio hadde god kontroll på motstanderane i delar av kampen men personlige feil gjorde at NHH kunne putta inn 4 mål bak vår keeper.
15.04.2015 |
Ferge frå Sunde Vi har mange bortekampar på Stord, Bømlo og i Haugesund, og vi minner difor om at ferga i perioden 20.april til 4.mai ikkje går frå Ranavik, men frå Sunde. Vedlagt er rutetider.
15.04.2015 |
Skrale saker  Benjamin var nærast scoring i dag. G14: Rosendal-Trio1 8-0. Smågutane fekk det ikkje til i tysdagens 14-årsdyst i Rosendal. Vi er vane med at det er litt i tøffaste laget motstand for oss, men det er ingen grunn til å gjere det så enkelt som vi gjorde.
14.04.2015 |
OnsdagsGjengen tek ein innedag I morgon ser det ut til å bli ein ruskaversdag. Då tek OnsdagsGjengen ein innedag. Me møter på Trioloftet som vanleg. Etterpå tek med turen til Næringsklyngja ved Hellandsbrua (tidlegare Herskedal). Der skal me pussa og olja/lakka nokre utemøblar som skal i Lunden. Vel møtt til alle, med eller utan malarkost!
14.04.2015 |
Kvifor starta du med idrett, eller har du slutta? Hordaland idrettskrets stiller eit interessant spørsmål om dagen: Kvifor starta du med idrett? ...eller; - er slutta? Spørsmåla er retta til deg som er mellom 13 og 25 år. Fint om du vil svara og hjelpa oss i Trio, idretten generelt og kanskje deg (?), eit steg vidare i arbeidet vårt for å gje flest mogeleg eit best mogeleg tilbod.
14.04.2015 |
Endeleg seriestart A-laget til Trio speler sesongens første seriekamp kamp borte mot NHH tirsdag 14. april kl 18.
13.04.2015 |
Kontingent/treningsavgift No er sesongen starta for dei aller fleste og då kjem også kravet om betaling av kontingent og aktivitetsavgift. Det er ønskjeleg at dette vert gjennomført så snart som mogeleg og det bør være på plass i løpet av april månad.
13.04.2015 |