Fortent sliteseier til G15 i lokaloppgjer mot Bremnes  Sliteseier mot Bremnes for G15 tirsdag kveld G15: Trio - Bremnes 1-0 14-årslaget til Trio tok tirsdag kveld imot Bremnes til dyst i 2. div Rogaland (G15). Det som såg ut til å bli kamp i eit forferdelig uvær med overvatn på kunstgraset, blei i staden spelt under heilt greie forhold då vergudane var med oss eit par timar. Eit noko sjukdoms- og skadeplaga lag drog til slutt i land ein fullt fortent 1-0 seier etter ein typisk slitekamp.
27.09.2016 |
G15(14)-kamp kl 1830 på Kvednabekkjen  Klare for lokaloppgjer mot Bremnes 14-åringane tek i kveld i mot Bremnes til lokaloppgjer i 2. div G15 Rogaland. Laga ligg før denne kampen så godt som likt på tabellen, 17 poeng begge og Bremnes ett mål bedre. Bremnes er einaste laget Trio ikkje har slått i denne pulja (2 uavgjorte) og vi er veldig sugne på ein god prestasjon og forhåpentligvis 3 poeng i kveld.
27.09.2016 |
God innsats på Regy Cup  G15-gjengen som deltok på Regy Cup. Bak frå venstre Edvin Vågen Bjørgvik, Simen hellevik Lie, Tarmo Tars, Marcus Nilsen Mathisen, Espen Aakre Sjo, Samson Nyrud Uppheim. Framme Daniel Sørtveit, Ole Martin Byrknes, Yonas Debesay, Mathias Gjelseng, Vegard Fausk, Sander Dolonen Brækken. Framme keeper Jonas Teigen. Gaute Thorkildsen var ikkje med på biletet. 2001-modellane som i haust heiter Trio 4 og spelar i G16-klassen, deltok i helga i klasse G15 på Regy Cup i Haugesund. Det er som alltid ei kjekk turnering og sportsleg gjorde vi det godt med 2.plass i gruppa og exit i kvartfinale i A-sluttspelet.
27.09.2016 |
Skuffande tap på Osterøy G16: Osterøy/Fotlandsvåg-Trio/Halsnøy1 2-0. Gutelaget tapte bortekampen mot Osterøy Fotlandsvåg, ein kamp som må vera den svakaste gutane har spelt på lang tid.
26.09.2016 |
1.div. G-13. Trio- Fana 5-1  Ny siger i 1.divisjon Ny kamp i 1.divisjon og spørsmålet var om gutane kunne levere ein god kamp mot dagens motstandar, Fana?
25.09.2016 |
Husnes Cup 2016: Takk for innsatsen  Gneist mot Trio. Fotballgruppa i Trio ønskjer å takke alle involverte i Husnes Cup 2016, som gjekk av stabelen helga etter skulestart. Det vart eit særs vellukka arrangement, med suveren deltakarrekord, strålande ver og blide menneskjer i alle retningar ein såg.
23.09.2016 |
Fjerde strake for G15-laget  4 strake sigrar for G15-laget G15: Trio - Vedavåg Karmøy 3-1 Vi var litt spente på kva som møtte oss i dagens kamp då Vedavåg har slitt litt med å stilla like slagkraftig i haust som dei gjorde i vår. Dei klarte heldigvis å stilla eit godt lag mot oss med samme spelarane som vi møtte i vår. Vi hadde på vår side mindre spelarar på heimekamp enn bortekampane i det siste (?!), med Tor Øyvind, Alen og Magnus ute av spel og 2001-gutane litt på felgen etter ei svært hektisk veke. Vi kom under 0-1 tidlig, men snudde igjen og vann til slutt kontrollert 3-1 i ein middels bra kamp av gutane.
22.09.2016 |
Miniputtcup på Kvednabekkjen 25.09.2016 Søndag er det miniputtcup på Kvednabekkjen. Kampoppsett er vedlagt nederst.
22.09.2016 |
Endeleg! Triohus-Basaren! Hausten er ei fager tid, og den blir krona med den årvisse Triohus-basaren. Førstkomande søndag 25.september kl 16 brakar det laus, ja på Triohuset. Åresal, trekking av loddbøker, kaffi og kaker. Det kan ikkje DU gå glipp av! :)
22.09.2016 |
Tøff kamp mot Goliat G16: Trio4-Fitjar 0-10. Det skulle vera rått parti når sterke Fitjar kom på besøk. Medan vi er reint 15-årslag, mønstrar Fitjar ein robust gjeng der 10 av spelarane spelar fast med juniorlaget. 4 av dei vi møtte var sågar med i sist A-kamp for fitjarbuane.
21.09.2016 |