God start av G14 i Norway Cup G14-laget hadde ikkje kamp før 18.30 på dag 1 av Norway Cup og gutane var rastlause og ivrige etter endeleg få komma i gong med dette som dei har sett fram til i månadsvis. Det vart heldigvis ikkje overtenning og etter ein meget bra gjennomført kamp kunne dei til slutt jubla over 4-1 siger Over Gjekstad & Østerøya IF (GØIF) frå Sandefjord i sin NC-debut.
01.08.2016 |
Trio J14 på Norway Cup Då var Norway Cup eventyret i gang for Trio sitt J14 lag. Dei møtte Høybråten/Stovner i første kamp som er fra tigerstaden.
31.07.2016 |
Første dag på Norway Cup for Trio G16-2 Gutane til Christian og Frode deltek på Norway Cup for første gong. Det vart ein tøff start møt råsterke Nordstrand, men stemninga i troppen er på topp.
31.07.2016 |
G14 klare for Norway Cup 14-års gutane til Trio er på plass i Oslo og klare for eventyret på Ekebergsletta. Eit følge på totalt 35 med 11 spelarar, føresette og søsken ankom Oslo i lyn og torden og vart dermed anklaga for å ta med regnet over frå Vestlandet. Vi håpar regnet som kom laurdag ikkje ødelegg dei sårbare banane på Ekebergsletta allerede første dag.
30.07.2016 |
Treningskamp mot G14 Trio G15 spelte treningskamp mot våre knallgode, eitt år yngre klubbkollegaer på G14. Vi er vane med å få køyrd oss mot den gjengen, og det fekk vi etter kvart i kveld også. Kampen vart spelt over 3x20 minutt på gras, som oppladning til cup. Vi spelte 7ar og ein omgang med 5arball og to med 4arball for å få det så jamnt fordelt som mogleg.
26.07.2016 |
Intern treningskamp  Vinnarlaget. Alle foto: Frode Blom. Trio G15 og G16-2 trenar i lag i sommar som førebuing til kvar sine cupar og fredag samla vi dei som var heime til to 7arlag og tok ein treningskamp. Grunna stor mangel på målvakter, plasserte vi foreldra til ein av dei vekkreiste spelarane i kvart sitt bur. Og begge viste seg høgaktuelle for plass i startellvaren til seriestart :)
23.07.2016 |
Husnes Cup-historikk Når sommarferien er slutt, går Husnes Cup av stabelen for 16. gong, helga etter skulestart, 19.-21.august. Det blir eit rekordstort arrangement for Trio sin del. Her er eit lite tilbakeblikk på Husnes Cup si historie.
16.07.2016 |
Vil du administrere nettsida vår? Trio si nettside har eksistert sidan 2005 og har utvikla seg til å bli ei velbrukt side med mykje stoff i form av omtale av aktivitetene i idrettslaget. Administrator av nettsida ønskjer avløysing og vi søkjer ein person som kan overta denne oppgåva.
26.06.2016 |
Bileter frå TINE Fotballskule 2016  Stappfullt i storsalen på Triohuset under lunsjen. Foto: Hanne Larsen. Så var fotballskulen over for i år. Etter ein sur start, var vergudane i stadig meir godlage og til EM-sluttspelet etter lunsj onsdag var det rett og slett strålande sommarver. Vi trudde vi sette ein uslåeleg rekord med 120 deltakarar i fjor, men har i år overgått oss sjølve fullstendig og hatt 137 deltakarar! Vonleg har alle av dei, og instruktørar og hjelparar, fått mange gode fotballopplevingar.
22.06.2016 |
Våt dag på TINE Fotballskule  Tjåka fullt i matsalen! Vergudane varta opp med ausregn, vind og låg temperatur under første dag av årets TINE fotballskule. Men stemninga var likevel på topp blant både instruktørar og deltakarar. Heldigvis er vermeldingane betre for dei to neste dagane.
20.06.2016 |