Kampoppsett miniputtcup 3.mai - REVIDERT OPPSETT På søndag er det klart for miniputtcup for årsklassane 6-9 år. 32 lag skal samlast på Kvednabekkjen. Vedlagt er kampoppsett. Endra oppsett er lagt ut onsdag morgon.
28.04.2015 |
Knepent tap mot sterk motstand  Torstein viste fine offensive takter på venstrebacken. G14: Trio2-Bremnes2 2-3. Smågutane fekk sterke Bremnes på besøk søndag ettermiddag og det vart ein spanande og open kamp der vi var særs nære å ta poeng. I sluttminutta var det mykje brudulje i bortefeltet, men bømlingane rei stormen av.
27.04.2015 |
Top of the league  Simen og Vegard har god kontroll mot Djerv/Nordnes. G19: Trio/Rosendal/Halsnøy-Djerv/Nordnes 6-0. Juniorlaget inntok tabelltoppen, om enn midlertidig, etter habile 6-0 over Djerv/Nordnes søndag. Bortelaget stilte useriøst nok klare på motsett halvdel først 20 minutt etter oppsett kampstart. Sportsleg hang dei dog bra med i starten, men fekk utover i kampen slite stadig meir mot eit solid kvinnheradslag, som trass alt ikkje spelte opp mot sitt maksimale.
26.04.2015 |
A-laget tok årets første 3-poengar  Beina til Thorkildsen var som trommestikker i dag. Han scora eit mål og la opp til det andre På ein forblåst og regnfull Fitjarbane skulle Trio ta årets første 3 poengar. Trio var det suverent beste laget men Fitjar scora først då det gjenstod bare 10 minuttar av kampen. Men Trio var bestemt på å ta å ta med alle poenga heim. Andreas Thorkildsen og Allkan scora Trio sine mål. Dermed vant Trio 2-1.
25.04.2015 |
Drama til siste slutt i J11 sin debutkamp!  Jublande jenter i lag med trenarane Per Einar Gjerding og Bjørn Bjelland Mathisen. J11: Trio-Rosendal 6-5. Det var spente 11-åringar som torsdag skulle spela kamp mot jamnaldrande frå Rosendal i sin første 7ar-kamp nokon gong. Det var og første gong jentene frå Sunde, Husnes og Herøysund spelte kamp i lag på det nystarta laget. Og spenninga holdt seg lenge den, faktisk heilt til sluttsignalet gjekk og jentene hadde klart å snu kampen fleire gonger. Sluttresultatet vart til slutt 6-5 til jentene i raudt, i det som var ein utrulig kjekk og spennande kamp for oss som fekk gleda av å sjå kampen frå sidelinja.
23.04.2015 |
G13 med siger på Karmøy G13: Avaldsnes-Trio 1-6. I går kveld var det klart for den andre vårkampen for G13-gutane. Den lengste bortereisa, til Avaldsnes stod for tur. Kampen gjekk innandørs i ein flott hall, på ein niarbane med kunstgras.
23.04.2015 |
Råsterk siger på Os  Knallsterk trepoengar på ærverdige Kuventræ. Alle foto: Rune H. Grønstøl. G19: Os Turn 1-Trio/Rosendal/Halsnøy 2-3. Mye folk på baneanlegget på Os denne ettermiddagen, vi skulle spille side om side med cupkamp senior mellom Lysekloster og Songdal. Enkelte tilskuere hadde plassert seg haugen slik at de kunne følge begge kampene. De fikk god valuta for inngangspengene.
23.04.2015 |
Siger i første heimekamp  Svære Daniel er ein konstant trussel på corner. G16: Trio/Halsnøy1-Eikelandsfjorden 2-1. Etter stortap i Bergen laurdag, smakte det godt med seier for gutane mandag kveld. Ein god førsteomgang la grunnlaget for seieren.
22.04.2015 |
Seriestart for Husnesgutane  Bak frå venstre: Ådne, Erlend, Håvard, Lars, Sondre, Henning og Stian. Framme frå venstre: Brynjar, Margus, Andreas, Nico, og Steffen. G12: Odda2-Trio Husnes 2-15. Første kampen til gutane vart spelt i Odda i går mot Odda 2. Dei er eit lag som me ikkje har spelt så mykje i mot og gutane og trenarane var noko spente før kampen. Kampen enda særdeles godt og Trio vann heile 15-2.
22.04.2015 |
Stortap for smilande lillejenter J12: Solid-Trio 12-3. Trio sine 12 år gamle jenter spelte tirsdag kveld sin første seriekamp i lag - knappe 2 månader etter at laget blei etablert. Eit Solidlag, med den tidlegare Bjoa- og Stordspissen Henning Bjelland som trenar, har spela i lag sidan 1. klasse, har i år gått ned fra 2 til ett lag og blei noken hakk for sterke på kunstgraset på Nysæter og sluttresultatet vart til slutt 12-3. Noko anna var heller ikkje å forventa med dei forutsetningane.
22.04.2015 |