Kretsrekord i kastfemkamp Ådne Stuland Olsen sette kretsrekord i kastfemkamp for 14-åringar på Husnes på seriestevne onsdag kveld. Ådne har hatt stor framgang etter berre eitt år med trening og har allereie blitt kretsmeister for Hordaland i kule og diskos. Han sette kruna på verket på tampen av sesongen med å sette ny kretsrekord i kastfemkamp som består av slegge, kule, diskos, spyd og vektkast.
18.10.2018 |
Knepent heimetap for J14 mot Kopervik  God kamp av J14 mot Kopervik, men knepent 2-3 tap til slutt J14, 1. div Rogaland; Trio - Kopervik 2-3 (2-1).
J14 tok onsdag kveld imot Kopervik til dyst på Kvednabekkjen. Ein jevn kamp som vi lenge førte kunne bikka begge veier, men til slutt vart det bortelaget som fekk det avgjerande målet og dei 3 poenga med seg til Karmøy.
17.10.2018 |
Årsbeste mot Haugar G19: Trio2-Haugar 7-1. Vi venta tøff motstand då oppstillinga til Haugar2 var om lag identisk med laget frå sist kamp til Haugar1, men det viser seg at kveldens motstandar har så liten stall i haust at dei brukar same spelarane på begge lag. Vi vart uansett ei munnfull for mykje for haugesundarane då vi leverte ein framifrå kamp. Årsbeste og meget solid!
15.10.2018 |
Friidrett: Resultater kast-seriestemne Onsdag 10.oktober arrangerte friidrettsgruppa kaststemne på Husnes stadion. Vedlagt er resultater.
11.10.2018 |
Ei flott veke for J13  Som perler på ei snor... Flott veke med semifinale i Regy cup og Seier over Rosendal
08.10.2018 |
Fotballfest Det vert fotballfest på Triohuset 3. november etter same lest som dei siste åra. Invitasjonar vert sendt ut om nokre dagar når dei siste detaljar er avklara. Håpar så mangen som råd vil setja av denne dagen for å markera slutten på eit flott fotballår.
Mvh fotballstyret
07.10.2018 |
Friidrett: Bileter og resultater  Åsmund Eikemo Steine (10) flyg høgt. Alle foto: Hanne Larsen og Are Ulseth. Laurdag skipa friidrettsgruppa til Kvinnheradsmeisterskap i friidrett. Til saman 48 deltakarar, dei aller fleste frå Trio. Synd at dei andre klubbane ikkje heng seg på når vi har lokale stemner. Men god innsats av dei som deltok. Her er bileter og resultater.
07.10.2018 |
Triohus basaren blir Søndag 7/10 kl. 16.00
06.10.2018 |
Meir enn vi fortente  Heldig siger til kokosmacronane. G12: Trio Valen-Trio Husnes 2-3. Alltid kjekt med lokaloppgjer og behageleg med så kort reise til bortekamp som ein svipptur i trivelege Valeparken. Heimatt fekk vi med oss meir enn vi fortente, for særleg i andre omgang fekk vi køyrd oss skikkeleg, utan at heimelaget fekk utteljing. Vår prestasjon var heller dårleg.
03.10.2018 |
Noko naivt før pause G19: Nord-Trio2 5-1. Ein relativt jamn kamp i spel, men før pause var vi litt utaktiske og gav vekk ballen ofte med upresise ballar inn sentralt. Det vart vi straffa hardt for mot eit effektivt heimelag.
01.10.2018 |