Tap mot forsterka Haugar lag i sesongavslutninga for J14  Tap i årets siste kamp for J14, men imponerande sesong! J14, 1. divisjon, Trio - Haugar2 0-2 (0-1).
Kampen om 4. plassen i 1. divisjon var venta å bli ein jevn affære. Jevnt blei det forsåvidt, men ein 14 år gammal storscorar frå J16 Elite vart i drøyaste laget for våre jenter å håndtera og jentene måtte til slutt sjå seg slått 0-2 mot laget i blått frå Haugesund.
31.10.2018 |
Imponerande løpsprestasjonar Det er over tid bygd opp eit flott triathlon- og løparmiljø i Trio og no seinhausten har det vore mange prestasjonar på høgt nivå. Ein ny i rekkja sterke tider leverte Holmfridur Adalsteinsdottir i dag, med 3.04 i Frankfurt Marathon!
28.10.2018 |
Mot ein god del odds For første gong i Trio si historie har vi hatt to juniorlag på gutesida! I om lag dei ti siste åra har vi hatt eitt juniorlag i fellesskap med naboklubbane, men nytt i år har vore eit eige junior-2 beståande av 17-årsgutane (førsteårs junior) i Trio. Det har klubben aldri hatt før. Her ei kort oppsummering av sesongen til Trio G19-2, eller G17, om du vil.
28.10.2018 |
Seriemeisteren vart for sterk  Det vart for tøft mot serievinnaren Åkra for J14 fredag kveld J14, 1. div Rogaland, Åkra - Trio 3-1 (2-1).
Årets siste bortekamp var mot serieleiar Åkra fredag kveld for Trio sine 14-års jenter. Heimelaget var topp tente då dei ville bli seriemeister i 1. divisjon med 3 poeng i kveld. Dei varta opp med ein knallkamp og då vart vi eit par nummer for små.
26.10.2018 |
2x 2-6 G12: Husnesgutane avslutta seriesesongen med ein guffen bortekamp i forferdeleg grisever i Rosendal på måndag, samt ein langt meir behageleg heimekamp mot Odda i kveld. Begge endte med 2-6-tap, men prestasjonane var høgst ulike.
25.10.2018 |
Målorgie i serieavslutninga G19: Trio2-Bremnes2 4-6. I siste seriekamp tok vi i mot haustens beste lag. Bremnes har teke 20 poeng på 8 kampar i haust og har fått ein solid oppsving. Dei var eit sterkt lag og det vart ein tempofylt og god kamp. Vel vart det tap på oss i dag, men med 4 sigrar og 1 uavgjort etter ferien er vi haustsesongens tredje beste (av 9 lag).
24.10.2018 |
Fortsatt ett hakk for små for Haugar 1  Nok eit knepent tap for J14 mot sterke Haugar1 J14, 1. div Rogaland, Haugar1 - Trio 2-1 (0-0).
Eit noko redusert Trio lag var laurdag ein snartur til Haugesund for årets siste møte med Haugar1. Det gode Haugar laget vart nok ein gong for sterke for tapre Trio jenter som sto på, la ned ein stor innsats heile gjengen og leverte ein god kamp.
20.10.2018 |
3 poeng på siste bortetur G19: Stegaberg-Trio2 2-6. Litt tynt med folk til årets siste bortekamp, men vi plukka opp vår 13.mann, som har flytta på skule til Ølen, på vegen til kamp på Frakkagjerd. Mange innbyttarar er uansett noko styr. Solid kamp av oss og ein kontrollert siger.
19.10.2018 |
Kjekk internkamp G12: Trio Husnes raud-Trio Husnes kvit 6-4. Lillegutane frå Husnes er blitt så mange at vi har auka til to lag i serien i haust. Det betyr ein internkamp, og i 9arfotball er vi då litt knapt med folk. Men det gjer ingenting, då vi kunne låne med 5 staute karar frå Sunde/Valen sitt lag. Dermed var vi nett passe. Vi var godt nøgde med laginndelinga også, for det var ein rett så jamn kamp.
18.10.2018 |
Har du Triobilde? Har du game Trio-bilde? Kanskje du hadde ein far, onkel, ei mor, søster, eller bror som var med i Trio? Eller kanskje du hadde born som ein gong var aktive? Kanskje du har, eller veit om, eit album med bilde som kunne vore brukt i boka om Trio?
18.10.2018 |