Første dag på Norway Cup  Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. Det vart tap for begge G16-laga på første dag av Norway Cup. Vi har delt i to jamne lag og såg på førehand at Trio 1 truleg hadde best sjanse i dag, med ein motstandar frå Lofoten. Trio 2 på si side skulle ut mot sterke Besa frå Makedonia. Analysen viste seg å stemme, Trio 2 fekk køyrd seg og tapte 1-6, medan Trio 1 tapte ein jamn kamp 3-4.
30.07.2017 |
Tøff motstand Gutelaget Trio 2 varma opp til Norway Cup med treningskamp mot Øystese på eit fantastisk anlegg i Strandebarm, med flott og open grasbane og moderne friidrettsdekke rundt. Øystese stiller råsterkt til årets Norway Cup og spelar i same klasse som oss. Men i går var det klasseforskjell, og vi fekk tidvis køyrd oss skikkeleg.
26.07.2017 |
Internkamp  Trio G16-2. Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. Treningskamp G16: Trio1-Trio2 3-7. Gjengen frå Trio G16-2 som skal på Norway Cup, mønstrar to 7arlag i cupen og dei møttest til dyst i treningskamp fredag ettermiddag. Med 14 av dei 21 som skal på cup tilgjengeleg, samt ein som nett har starta på laget og ein som er på besøk, så mønstra vi to lag med innbyttar. Grei kamptrening.
14.07.2017 |
Oppsummering vårsesongen  Bak fra venstre: Kjell Åge Totland trener Svein Olav Fagerheim, Kristoffer Melstveit, Vegard Jørgensen, Sebastian Totland, Kristoffer Ekeland, Marcus Tveit Tofte, Fred Nilsen trener Framme fra venstre: Sander Eikemo Røstbø, Emil Voster, Sigurd Nilsen, Odin Ripel Harsvik, Isak Rønstad Mo. Og Ann Helen Ripel lagleder og fotograf(ikkje med på bildet) Her kan du lesa leiar i fotballgruppa, Kjell Magnar Eide, si oppsummering av sesongen så langt.
07.07.2017 |
Tjerand Lunde er gått bort Familien meddeler at Tjerand døydde fredfullt i natt, med sine nærmaste rundt seg. Fred over hans minne.
05.07.2017 |
Oppsett TINE 2017 Vedlagt oversikt over instruktørar, stasjonar og tema for måndag, tysdag og onsdag. Som alltid, det kan bli endringar. Men gruppeleiar (den som står øverst) har ansvar for å lage opplegg innan tema.
29.06.2017 |
Cup-exit for G15 etter straffedrama i Kristiansand  Tap i 8-dels finale for G15 i Sør Cup G15 leverte dessverre ein svak 8-dels finale mot Moss i Sør Cup i dag. Etter ein god start såg det svært så lyst ut, men til slutt enda det med tap på straffer.
26.06.2017 |
G15 sikra A-sluttspel i Sør Cup i siste kamp  G15 laget jublande glade på Sør Arena etter avansementet Sør Cup, G15: Trio - Tveit 4-1 (0-1)G15-laget fekk i ettermiddag ein stor opplevelse då dei fekk spela på mektige Sparebanken Sør Arena. Ein flott stadion og gutane storkoste seg utpå der. Det tok litt tid å få hol på byllen, men til slutt enda det med ein særdelses fortent 4-1 siger til 'Power' gutane i raudt.
25.06.2017 |
Overlegen 4-0 seier til G15 med fantastisk publikum  Jubel for G15 i kveld etter 4-0 siger Sør-Cup, G15: Trio - Lysekloster/Nore-Neset 4-0 (2-0)Fantastisk stemning på gamle og ærverdige Kristiansand Stadion i kveld. G13-familien stilte opp for sine klubbkompisar og lagte ei heilt utrulig ramme og støtte for G15-gjengen. Kanskje var det akkurat dette dei trengte, for dei gjennomførte meget bra 2x25 og vant til slutt fortent 4-0 etter 2 mål i kvar omgang.
24.06.2017 |
Løysna etter pause  Storsiger til Trio G16-2. Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen. G16: Moster-Trio2 1-8. Gutane gjorde unna siste seriekamp for våren borte mot Moster laurdag. Heile 12 'mann' var utilgjengelege, men vi har ein brei stall og mønstra 10 staute karar til dyst. Sidan Moster er 9arlag, var det rikeleg. Etter ein førsteomgang der vi var for upresise, tok gutane fram mykje bra spel etter pause og vann fortent.
24.06.2017 |