Tredje løp i Terrengkarusellen i Uskedal i morgon Kl 18 onsdag er det løp i Uskedalen. Førehandspåmeldinga er stengt, men det er råd å melde seg på ved frammøte frå kl 17. Løpet startar på Sandakaien.
03.05.2016 |
Knepen siger i Rosendal G13: Rosendal-Trio1 2-3. Torsdag 28/4 spelte G-13 Husnes sin tredje kamp for året. Motstandaren denne gongen var Rosendal. Dette er eit lag som me har hatt mange jevne og tette kampar mot i fleire år. Denne kampen var ikkje noko unntak i så måte.
03.05.2016 |
Lite å skrive heim om G15: Trio3-Bremnes3 2-2. Usle 9 frammøtte tilskodarar (mogleg det kom nokre til i andre omgang) fekk ikkje akkurat ei minneverdig oppleving i regn og stiv kuling på Kvednabekkjen måndag kveld. 15-årsgutane leverte ein heller svak kamp mot Bremnes. Ein trøyst får vera at innsatsen i periodar var god, noko som betalte seg i to innsatsmål.
02.05.2016 |
Storspel av småjentene J14: Eidsvåg-Trio 0-5. Ein knakande god kamp, solid forsvar, godt midtbanespel og giftige framføre motstandarmålet. Jentene blir bedre og bedre og me gler oss te vidare utvikling. Heia Trio!
01.05.2016 |
A-laget: Trio - Sund 0-3  Dagens kaptein, Lars Bernhard, leder oppvarmingo. Sund tok den lange vegen fra Sotra for å måla krefter mot Trio i Husnes idrettspark på lørdag. Sund står med 6 poeng av 6 mulige og har småfine 9-0 i målforskjell. Heimekampen mot Sund skulle visa seg å vera av den vanskelige sorten.
01.05.2016 |
Friidrett: Invitasjon til ope møte Invitasjon til orientering om og revitalisering av friidrettsgruppa. Vi inviterer med dette til ope møte på Triohuset tysdag (3.mai) kl 18.
30.04.2016 |
God første heimekamp  Trio J12 sesongen 2016. Foto: Frøydis Nilsen Mathisen. J12: Trio-Rosendal Kvit 3-3. Trio sitt J12-lag spelte fredag kveld sin første heimekamp for året på Kvednabekkjen. Rosendal som har ei stor gruppe i 2004 har 2 lag med i serien, Rosendal Kvit og Rosendal Svart. Denne gongen var det Kvit som var motstandar. Det var jevnt mellom oss og Rosendal i fjor og det skulle bli ein jevn, spennande og kjekk kamp for begge laga denne dagen og.
30.04.2016 |
Fekk juling  Tarmo var vår bestemann. G16: Solid-Trio4 12-0. Det yngste gutelaget vårt fekk ein dugeleg omgang i Sagvågen fredag kveld. 15-årslaget vårt vart møtt med eit robust og godt Solid-lag, som var forsterka med ein A-lagsspelar og fleire som også spelar juniorfotball til dagleg. Ergo kom vi til kort i duellane og det endte med både dusinet fullt med baklengs og gips på ei arm for den mest uheldige.
29.04.2016 |
Siger mot Trott også for Trio 2 G16: Trio2-Trott2 3-1. I går vann Trio/Halsnøy førstelagsduellen borte mot Trott. I dag var det andrelaga sin tur, denne gong på Kvednabekkjen. Og Trio2 tok ein solid og fortent siger, og avgjorde mykje med ein sterk førsteomgang.
28.04.2016 |
Historisk kamp på Sunde kunstgras!  Tekst og alle foto: Ann Helen Høivik Skogseth. No er kunstgraset endeleg ferdiglagt og fiksa på banen på Sunde og i kveld gjekk historiens første kunstgraskamp på Sunde skule av stabelen. Det var G11-oppgjeret Trio Sunde mot Trio Valen. Her er referat frå Sunde sin lagleiar, Ann Helen.
28.04.2016 |