Oppførsel på miniputt-turnering Sist helg var det turnering for våre yngste fotballspelarar på Kvednabekkjen. 34 lag, 230 ungar, i alderen 6-9 år fekk utfolde seg i kampar for siste gong i sesongen 2015. Det har vore eit kjekt fotballår, men denne gongen var ikkje alt rosenraudt.
25.10.2015 |
Ufortent tap i god avslutningskamp J16: Nord-Trio 1-0. Torsdag ettermiddag satte jentelaget seg i Trio bussen i lag for siste gong for å avslutta 4 år i lag med bortekamp mot Nord. I garderoben blei det snakka om å gi alt i 80 minutt, stå på og jobba for kvarandre. Samtidig nyta det fantastiske lagspelet fotball er og ha det kjekt.
24.10.2015 |
Plassen berga! Då kan både IL Trio og Halsnøy IL rette ein stor takk til Oldenborg Idrætsselskab i Oslo. 3.divisjonslaget deira rykkjer ned, men snudde 1-2 til 3-2 mot Oslo City i siste kamp. Dermed slepp både Tertnes og Nest-Sotra2 å rykkje ned frå 3.divisjon, og følgjeleg bergar Trio plassen i 4.divisjon, og Halsnøy bergar plassen i 5.divisjon.
24.10.2015 |
Toppscoraren  Toppscorar: Sofie Lillesand. Som vanleg oppdaterast alle målscorarar i årsklassane frå 13 år og oppover i ei oversikt slik ligg nede til høgre på nettsida (gult felt, 'Målscoraren'). No nærmar sesongen seg slutten, og når dei fleste laga har ein kamp igjen av sesongen, tronar yngste blad Lillesand temmeleg einsam på toppen.
22.10.2015 |
Siger i siste heimekamp G13: Trio-Vard Haugesund 4-3. I kveld spela Trio G13 sin siste heimekamp for sesongen. Motstandar i kveld var Vard Haugesund, som i bortekampen i haust gav oss ein skikkeleg 'på tygga'. Den kampen enda med 5-1 tap, og vi hadde difor ein del å hemna til denne kampen.
22.10.2015 |
Trygga plassen i divisjonen Med ein solid 5-3-siger over Åsane 1 på søndag, la juniorlaget Trio/Rosendal/Halsnøy grunnlaget for å fornye plassen i 2.divisjon G19. Reint formelt måtte ein sjå an dagens kampar, men Djerv klarte som venta ikkje å overraske mot Askøy, og dermed har vi plass i 2.divisjonen også neste sesong. Vi gratulerer dei lovande ungdomane på samarbeidslaget.
20.10.2015 |
A-laget: Nordhordland-Trio 0-2  Håvard Haga har vist god form og har vore ein viktig spelar for Trio i høst Dersom Trio skulle ha noko håp om å overleva i 4. divisjon, så måtte laurdagens oppgjer mot Nordhordland vinnast. Me var også avhengig av resultat fra den andre avdelinga i 4. divisjon i tillegg til resultat fra 3. divisjon. Trio gjorde jobben sin og vant 2-0. Me var også heldig med resultat fra 4. div. Til helga får me veta om me beholder plassen når 3. divisjon gjer seg ferdig med sesongen.
19.10.2015 |
Tett program G14: Medan andre er så uheldige at dei driv og avsluttar fotballsesongen, kjem kampane tettare enn hagl for smågutane. Vi har rett nok 2 lag i serien, men 6 kampar på 11 dagar er uansett heftig. I helga var det heimekamp mot Bremnes og bortekamp mot Stord.
18.10.2015 |
Plassen førebels berga Då er spaninga framleis til å ta og føle på for om Trio skal berge plassen i 4.divisjon. Trio slo NBK i går og sørga for at Fitjar går rake vegen ned i 5.divisjon. Men heller ikkje på fjerde sisteplass i avdeling 2, er ein trygg på om plassen blir berga. Sjølv om 4.divisjon vart ferdigspelt i dag, blir det ikkje avgjort før neste helg!
18.10.2015 |
Heilsvart avslutning i 7arkamp  Tomålsscorar Mirka. J16: Trio-Stegaberg 7ar 2-3. At det har gått på stumpane for J16-laget vårt ei stund, er noke alle rundt laget har visst. Men det som blei vist i lagets siste heimekamp som J16, var fryktelig skuffande og så svakt at Stegaberg faktisk reiste heim med 3 poeng etter å ha tapt heimekampen mot oss i vår med 0-9!
15.10.2015 |