Grei kamp mot seriens beste G14: Trio2-Stord3 1-4. Smågutane tok i mot seriens beste lag, som er Stord 3, eller 13-årslaget deira. Dei spelar feiande flott og teknisk fotball med stor røyrsle og godt pasningsspel i høgt tempo. Vi sleit med å henge med i første omgang, men kom sterkare etter kvilen.
29.05.2015 |
Trekning fotballgruppa sitt vårlotteri Fredag var det trekning i vårlotteriet til fotballgruppa. Vedlagt er oversyn over vinnarar av gevinstar.
29.05.2015 |
Enkel 5-0 siger for Trio mot Stord2  Hattrick hero! Allkan Abdulla! Trio reiste til Stord stadion torsdag kveld for å prøva seg mot 2 laget til Stord. Det var grei skuring og Trio ga seg ikkje før dei hadde putta 5 mål bak Kvinnheringen Christopher L. Brix som stod i mål for Stord2.
29.05.2015 |
Årets første tap J11: Rosendal-Trio 6-3. Det nystarta laget av året J11 har vore heldige og dyktige så langt i sesongen og vunne sine 3 kampar. Onsdag ville Rosendal ha revansj for 5-6 tapet på Husnes i serieåpninga i april - og det fekk dei med ein fortent 6-3 seier mot jentene i raudt. Det stod 2-1 til Rosendal til pause etter ein jevn 1. omgang.
27.05.2015 |
Miniputtcup i Rosendal Vedlagt er kampoppsett for søndagens miniputt-turnering i Rosendal.
27.05.2015 |
Endeleg siger  Benjamin herja på venstrekanten. Alle foto: Dolonen foto AS. G14: Trio1-Halsnøy 4-2. Smågutane fekk ein etterlengta siger då Halsnøy kom på besøk tysdag kveld. Etter å ha vore nære fleire gonger, tippa det endeleg vår veg.
26.05.2015 |
Framleis litt for små G14: Rosendal-Trio2 8-3. Smågutane fekk det tøft mot sterke Rosendal i indre strok måndag kveld. Men slett ikkje ein dårleg gjennomført kamp, dog med ein del baklengsmål på eit par velkjente moment i spelet som vi slit med.
26.05.2015 |
Kjempa i senk G16: Trio/Halsnøy1-Flaktveit 5-6. Kampen mot Flaktveit 2.pinsedag var av det særs spennande slaget, men enda dessverre med 5-6-seier til bortelaget frå Åsane bydel.
26.05.2015 |
5-2 og 3 deilige poeng!  Thorkildsen var ein konstant trussel då han utfordra Telavåg forsvaret. Trio tok i mot Telavåg til heimekamp 2.pinsedag og viste ingen nåde for det langtreisande bortelaget. Andreas Thorkildsen kom inn for ein skada Futsum etter bare 20 minutter og satte absolutt sitt preg på kampen. Han og Allkan var innvolvert i alle måla til Trio og ein såg kor gifting dei kan vera dersom dei har dagen.
25.05.2015 |
Supermåndag! Årets store fotballdag står for døra. Andre pinsedag er ikkje som andre keisame fridagar. Heile 5 av laga våre på gute-/herresida skal i aksjon på ettermiddagen. Både A-laget, juniorlaget og førstelaget på G16 har heimekamp.
24.05.2015 |