Tap i Rosendal for G16-1  Bestemann i dag Trio sitt førstelag i G16 i årets sesong gjorde søndag unna årets einaste treningskamp. Under flotte forhold i Rosendal vart eit sterkt og godt heimelag for sterke denne gongen og vann til slutt fortent 3-0 over våre gutar.
26.03.2017 |
Finale i Vintercupen for A-laget  Finale! Trio - Nymark Trio tok i mot Nymark på Kvednabekkjen laurdag ettermiddag for å avgjera kven som skulle få den gjeve pokalen i årets Vintercup i 5 divisjon.
25.03.2017 |
Dugnad og verdsrekord!  Bli med og sett verdsrekord! Kjære medlemmar!
Vi har fått ein unik sjanse til å få inn ein fin sum til idrettslaget vårt. 20. april treng sponsoren vår PALFINGER MARINE folk til tjeneste på Seimsfoss.
23.03.2017 |
Årsmøte søndag kl 16 Søndag kl 16 skipar IL Trio til årsmøte på Triohuset. Vedlagt er årsmelding frå styret.
23.03.2017 |
Bra i vel ein omgang Treningskamp: Trio G16-2 - Rosendal/Trio damer 5-1. På ein frostig Kvednabekkjen spelte gutane treningskamp mot damelaget og fekk høve til å få øving i å dominere spelet mot ein motstandar som låg lågt i banen. I første omgang, rett nok, for utover i andre omgang fekk damelaget kome inn i kampen og var farlegare offensivt enn vi var.
22.03.2017 |
Første damekamp på 10 år I mai 2007 markerte Trio sitt damelag at dei hadde 1000 dagar utan heimetap. Men litt seinare på sommaren var det slutt for damene, som ikkje hadde nok spelarar til å fullføre sesongen. Sidan har det ikkje vore spelt seniorkampar for Triodamer i Husnes idrettspark, men onsdag kveld kl 19 blir det endeleg kamp igjen!
21.03.2017 |
Kampoppsett Trio Cup 25.mars 2017 Vedlagt er kampoppsett for årets siste innecup. Då er det miniputtane som skal i elden. Laber påmelding denne gong, kun 18 lag gjer at vi må tåle å møte lag litt på tvers av kjønn og alder. Det går to kampar samstundes, så då er cupen ferdig i 13.30-tida.
19.03.2017 |
Målorgie i Prestegardsskogen G16: Trott2-Trio2 4-4. Trass i sluddbyger både før og etter, var det ein fin dag for fotball på Rommetveit, der gutane stilte til dyst mot Trott. Det vart ein veldig open og sjanserik kamp der begge lag kunne scora mykje meir enn dei 4 måla vi fekk kvar. Etter ei sterk avslutning, synest nok vi at sigeren glapp, men uavgjort var greit nok.
19.03.2017 |
Årsmelding for symjegruppa 2016 Symjegruppa har avholdt årleg møte, referat frå møtet vert lagt ut når det er klart. Årsmelding kan de lesa under.
12.03.2017 |
Litt for spinkelt  MOM: Simen Hellevik Lie. G16: Rosendal 2-Trio2 1-1. Gutane tok ikkje nok tak og bretta ikkje nok opp ermene mot Rosendal 2 fredag kveld. Dette er G15-laget deira, og dei hadde styrka seg med 5 frå 16-årslaget i kveld. Det gav dei meir fysikk og hurtighet enn då vi møtte dei sist. Det klarte vi ikkje å respondere nok på. I eit lokaloppgjer, og for så vidt elles og, må vi ha litt meir guts om vi skal vera nøgde.
10.03.2017 |